Program 2013

Onsdag 30. oktober

Tid: Onsdag 30. oktober

Stad: Verdensrommet, Forum for utvikling og miljø, Storgata 11

Kor mykje vatn kostar skjorta di?

Kom på frukostseminar og lær meir om vatn og tekstilproduksjon i India.

India er verdas nest største produsent av bomull og mange av kleda norske forbrukarar kjøper er laga av bomull dyrka og produsert der. Sidan bomullsplanten treng mykje vatn går det med omlag 10 000 liter vatn til å produsere eitt kilo bomull. Dette vatnet vert ofte kalla virtuelt vatn, det vil seie alt det vatnet som går med til å produsere ei vare. Les meir om det her.

Det er mange grunnar til at det går med så mykje vatn i klesproduksjon. Sidan bomull ofte dyrkast i tørkeutsette regionar med vassmangel må mykje av arealet vatnast kunstig. Overforbruk og feil bruk av vatn har mellom anan ført til synkande grunnvatnstand og auka saltinnhald i jorda på åkrane. I tillegg går det veldig mykje vatn med til sjølve tekstilproduksjonen i fabrikkane. Dei negative effektane vert forsterka av at kjemikaliar og sprøytemiddel brukt i produksjonen er med å forringe vasskvaliteten og forgifte drikkevatn. Til saman fører dette til store helseproblem i områda kor våre kle vert produsert.

Changemaker, Fivas, Fremtiden i våre hender og Initiativ for etisk handel inviterer til frukostseminar 24. oktober klokka 8.30-10 i Forum for utvikling og miljø sine lokaler i Storgata 11.

Frukost vert servert frå klokka 8.15.