Program 2013

Måndag 14. oktober

Tid: Måndag 14. oktober kl.16

Stad: Kjellaren på Litteraturhuset

Landbruksinvesteringar vert sett som den beste måten å skape utvikling på i Afrika. Når investorar rykkjer inn, vert ofte store naturressursar lagde beslag på. Storskalajordbruk krev mykje vatn og gjer at lokalbefolkninga taper både land og vassressursar. Kan investeringar i landbruk gjerast utan vassran?

Innleiarar:
- Synne Movik er forskar ved Noragric på UMB og har tidligare mellom anna skrive om vassreform, -forvaltning og sanitær i Afrika.
- Atakilte Beyene er forskar ved Nordiska Afrikainstitutet i Stockholm. Han forskar på rural utvikling og har mellom anna vore med å skrive boka Biofuels, Land Grabbing and Food Security in Africa.
- Sigrun Gjerløw Aasland er Development Policy Adviser i Norfund
- Michael G. Angstreich har tidligare mellom anna jobba for Norad og Care

Ordstyrer: Andrew P. Kroglund, Utviklingsfondet