14.-30. oktober

BLÅ OKTOBER 2013

Vatn er nødvendig for alt liv på jorda. Tilgong til reint vatn og tilstrekkelege sanitærtenester er ein menneskerett. Likevel lir mange verda over grunna vassmangel. Blå oktober 2013 set difor fokus på årsaker til vassmangel.

Eitt av sju menneske, eller 884 millionar, har ikkje tilgong til reint drikkevatn. Stadig fleire stader vert tappa for viktige vassressursar og lokalbefolkninga får ikkje tilgong til nok vatn. Omlag ein femtedel av verdas befolkning, 1,2 milliardar menneske, bur i områder kor det er fysisk mangel på vatn. Situasjonen vert verre i takt med at behovet for vatn aukar med folkevekst, urbanisering og aukande vassbehov i hushald og industri.

Det er mange grunnar til at folk verda over manglar vatn. Årets Blå oktober set fokus på to av årsakene: Vassran i Afrika og overforbruk og forureining av vatn i tekstilindustri.